
Søre sunnmøres første montessoriskule
Moltustranda Montessoriskule har planlagt oppstart på vakre Moltustranda i Herøy kommune hausten 2026.
Vi skal vere ein framtidsretta, liten barneskule som byggjer på Maria Montessoris pedagogiske filosofi: Å setje barnet i sentrum og skape eit miljø der kvart enkelt barn får utvikle seg i sitt eige tempo.
Hos oss skal elevane møte ein skulekvardag prega av utforsking, meistring og glede. I små klassar, med tett oppfølging frå dedikerte vaksne, skal barna få tid og rom til å vekse, lære og utvikle si eiga indre drivkraft.
Vi trur på:
- Respekt for barnet si eiga utvikling
- Læring gjennom praktisk arbeid og sansing
- Ei open dør mot naturen – fjell, hav og skog er viktige delar av vår læringsarena
- Samarbeid mellom heim, skule og lokalsamfunn
Vår visjon: Å gi kvar elev mot til å vere seg sjølv, lære heile livet og finne si eiga stemme i verda
Kva er Montessori – og kvifor passar det for barnet ditt?
Sjå for deg ein skulekvardag der barnet ditt får tid. Tid til å forstå, utforske og bli trygg i si eiga læring. Ein skule der nysgjerrigheit blir tatt på alvor, og der vaksne har rom til å sjå kvart enkelt barn.
I ein Montessori-skule er ikkje klasserommet bygd rundt pultar på rekke og lange tavleøkter. I staden møter barna eit oversiktleg og gjennomtenkt læringsmiljø, delt inn i ulike soner for arbeid, lesing, utforsking og praktiske oppgåver. Her kan ein elev fordjupe seg i matematikk med konkret materiell, medan ein annan skriv tekst, les i ro, eller samarbeider med ein medelev om eit prosjekt.
Montessori-pedagogikken tek utgangspunkt i barnet si naturlege lyst til å lære. Barna er ikkje passive mottakarar av undervisning – dei er aktive deltakarar i eigen læringsprosess. Læraren gir korte, målretta presentasjonar og viser korleis materiell og oppgåver kan brukast. Deretter arbeider barna vidare på eiga hand, i sitt eige tempo, med støtte frå vaksne når det trengst.
Eit viktig prinsipp i Montessori er fridom med ansvar. Barna får val innanfor tydelege rammer: kva dei skal arbeide med, kvar dei jobbar, og kor lenge dei held på. Slik lærer dei å ta ansvar for eiga læring, øve på konsentrasjon og kjenne meistring når dei fullfører noko dei har valt sjølve.
I aldersblanda grupper lærer barna mykje av kvarandre. Yngre barn ser opp til dei eldre, medan dei eldre får styrkt eigen forståing ved å hjelpe og vere førebilete. Dette skapar eit sterkt fellesskap prega av samarbeid, omsorg og respekt – ikkje konkurranse.
Montessori handlar ikkje berre om fag. Like viktig er utvikling av sosiale ferdigheiter, sjølvstende og livsmeistring. Barna deltek i kvardagslege oppgåver som rydding, orden og praktisk arbeid – fordi dette gir kjensle av ansvar og tilhøyrsle. Dei lærer å løyse konfliktar, vise omsyn og bidra til fellesskapet.
For mange barn betyr dette ein rolegare skulekvardag, med færre avbrot og meir djupnelæring. For andre betyr det å få jobbe meir praktisk, konkret og variert. Felles for alle er at barnet blir møtt der det er – og får utvikle seg vidare derifrå.
Montessori-pedagogikken byggjer på respekt for barnet som menneske. Respekt for tempo, personlegdom og ulikskap. Målet er ikkje berre gode faglege resultat, men barn som er trygge på seg sjølve, nysgjerrige på verda – og glade i å lære.

Vi skal tilby ei unik Montessori-utdanning for barn i alderen 6-12 år, med fokus på individuell utvikling og læring gjennom praktisk erfaring og utforskning. Vi skal skape eit trygt og stimulerende læringsmiljø for elevane.
- Individuellt tilpasssa undervisning
- Kreativ læring og utforskning
- Fokus på sosial utvikling
Kvifor velge montessori for barnet ditt?
Skulen vår skal arbeide med aldersblanda grupper, som er tilpassa dei naturlege utviklingstrinna til barna. Vi ser på den heilskaplege utviklinga deira, der sosial, emosjonell, fysisk og intellektuell utvikling er like viktige.
Montessoripedagogikken har som mål å gi barna ei heilskapleg forståing av verda og korleis alt heng saman. Gjennom vår tilnærming blir ansvarskjensla deira for jorda styrkt, og dei lærer å forstå, respektere og ta vare på miljøet rundt oss.
Hos oss blir barnas sjølvstendigheit, nysgjerrigheit og læringsglede dyrka. Målet vårt er å støtte barna i deira naturlege utvikling, slik at dei kan vekse opp til å bli trygge, reflekterte og ansvarlege individ.

