
Søre sunnmøres første montessoriskule
Moltustranda Montessoriskule har planlagt oppstart på vakre Moltustranda i Herøy kommune hausten 2026.
Vi skal vere ein framtidsretta, liten barneskule som byggjer på Maria Montessoris pedagogiske filosofi: Å setje barnet i sentrum og skape eit miljø der kvart enkelt barn får utvikle seg i sitt eige tempo.
Hos oss skal elevane møte ein skulekvardag prega av utforsking, meistring og glede. I små klassar, med tett oppfølging frå dedikerte vaksne, skal barna få tid og rom til å vekse, lære og utvikle si eiga indre drivkraft.
Vi trur på:
- Respekt for barnet si eiga utvikling
- Læring gjennom praktisk arbeid og sansing
- Ei open dør mot naturen – fjell, hav og skog er viktige delar av vår læringsarena
- Samarbeid mellom heim, skule og lokalsamfunn
Vår visjon: Å gi kvar elev mot til å vere seg sjølv, lære heile livet og finne si eiga stemme i verda

Om Moltustranda Montessori
Moltustranda Montessori er ein grunnskule som skal tilbyr ei unik pedagogisk tilnærming gjennom Montessori-metoden. Vi har fokus på individuell læring og utvikling, og legg til rette for eit trygt, tilpassa og inspirerande miljø for elevane våre.
Vi skal tilby ei unik Montessori-utdanning for barn i alderen 6-12 år, med fokus på individuell utvikling og læring gjennom praktisk erfaring og utforskning. Vi skal skape eit trygt og stimulerende læringsmiljø for elevane.
- Individuellt tilpasssa undervisning
- Kreativ læring og utforskning
- Fokus på sosial utvikling
Kvifor velge montessori for barnet ditt?
Skulen vår skal arbeide med aldersblanda grupper, som er tilpassa dei naturlege utviklingstrinna til barna. Vi ser på den heilskaplege utviklinga deira, der sosial, emosjonell, fysisk og intellektuell utvikling er like viktige.
Montessoripedagogikken har som mål å gi barna ei heilskapleg forståing av verda og korleis alt heng saman. Gjennom vår tilnærming blir ansvarskjensla deira for jorda styrkt, og dei lærer å forstå, respektere og ta vare på miljøet rundt oss.
Hos oss blir barnas sjølvstendigheit, nysgjerrigheit og læringsglede dyrka. Målet vårt er å støtte barna i deira naturlege utvikling, slik at dei kan vekse opp til å bli trygge, reflekterte og ansvarlege individ.